fotogalleri.jpg

Intranett

Tlf: 56 35 02 78



Urmaker Mester Birger Eknes...

opna butikk i det nystarta Knarvik Senter i 1978. I dag er vi tre tilsette og ser heilt klart eit stort behov for å tilby fagkunnskap og service i høve til den aukande kundekretsen.
Vi er svært glade for krevande kundar, som set høge krav til kvalitet og service. Som kunde er du velkommen innom til ein prat når som helst, og du vert alltid møtt av ei kunnskapsrik og serviceinnstilt betjening med fagleg dybde og med erfarne urmakarar i ryggen.
Vi har ein eigen serviceverkstad, der urmakarhandverket vert utført med same presisjon og fingerferdighet som ved dei tradisjonsrike urfabrikkane i Sveits. Våre urmakarar oppdaterer sin kunnskap jamnleg under kyndig rettleiing på ulike kurs og etterutdanning i m.a. Sveits. Vi har også eigen autorisert verdivurderar for ur.
Vi kan tilby eit stort spekter i ulike kvalitetar og prisklassat og lagerfører/skaffar mange ulike produkt, heilt frå rimelege barne- og moteur til klassiske kvardagsur og til meir eksklusive spesial- og gullur.
Vi fører produkt frå m.a. desse leverandørane:
Aero Watch ? AMS ? Atlanta ? Bell'O ? Boccia Titanium ? Candino ? Casio ? Certina ? Citizen ? Diplomat ? Eurochron ? Festina ? Genfa ? Inex ? jaf ? Junghans ? Møller ? Nextime ? O.D.M. ? Roamer ? Sky Tech ? TFA ? Tissot ? Uranus.

Du finn oss i gata mellom Sentrumstorget og Vestretorget

post@ube.no

For å gå til hjemmesiden, trykk: Urmeister Birker Eknes
gavekort med saldo