fotogalleri.jpg

Intranett

Ny Senteravis

Den første utgåva av Senteravisa i 2010, blir sendt ut  i postkassane i disse dagar. Her finn ein nyttig informasjon, gode tilbud og nye konkurransar. God fornøyelse!

Julemagasinet 2009

Då er Julemagasinet for Knarvik distribuert. Du kan lese heile magasinet her ved å klikke på linken i høgre marg. Her finn du annonsar med godbitar frå heile Knarvik, og blant dei; sjølvsagt mange gode julegåvetips! God fornøyelse!

Julenissen kjem fredag kveld...

Ja, så nærmer det seg igjen dagen for spente barnefjes i senteret. "Tradisjonen over alle tradisjonar:" Det er klart for julegateopning! Fredag kveld, 27.november kl 18.00, er det igjen duka for nissebesøk i senteret. Då blir det tenning av julegata, utdeling av godteposar til dei yngste, og sjølvsagt pepparkaker og gløgg til dei vaksne. Alt i same gode juletradisjon som tidligere. Ingen grunn til å endra på positive opplevingar!
VELKOMEN!

Senteravis til Nattåpent

Fredag 6. november held butikkane i Knarvik Senter ope til klokka 24. Då bugnar det av gode tilbod alt frå klokka 10 på føremiddagen, og ekstra gode "Stjernetilbod" på slutten av kvelden. Vi har mykje spanande på programmet, så klikk deg inn i menyen til høgre og bla i den siste Senteravisa som no er ute!

"Scenen er Din" 2009

Påmeldinga til Scenen er Din 2009 er i gang! Kan du synge, danse eller kanskje spela eit instrument?  Då er det bare å hiva seg på telefonen til Åsmund Eide og   melde deg på til ein av kvalifiseringsrundane! Dei starter alt tirsdag 3. november kl. 18.00. Så kjem det nye rundar både onsdag og torsdag, før den store finalen under Nattåpent fredag 6. november kl. 19.00.

Jula kjem snikande...

På Sentrumstorget, utanfor Blomstermiljø, står eit vakkert bord dekka til julefest. Her har dei kreative jentene i butikken fått med seg bord og stolar frå Fagmøbler og bestikk, servise og glass frå GlassThomsen til å gje kundane litt inspirasjon før "jula setter inn". Marte hos Blomstermiljø sier at dei har brukt mose, orchideklokker, julerose og svibler i dekorasjonane, og at litt lys og lyslenkjer sjølvsagt høyrer med på eit skikkelig "julebord"!
Lat deg inspirere!

Ny senteravis

Oktoberutgåva av Senteravisa har fokus på dei nye motane for sesongen. Her er mange flotte bilder, med mange lekre antrekk fra butikkane. Lørdag vert det speldag i senteret, men mange utfordringar for dei speleglade. Les meir om dette i avisa. God fornøyelse!

Ny senteravis

Septemberutgåva av Senteravisa er ute. Tema denne gangen er Strilajazz'n-09. Bla i avisa, og se det rikhaldige programmet med å bruke linken i høgre marg.

gavekort med saldo